Fitjar Racing Team hadde stiftingsmøte i byrjinga av februar og er no registrert med organisasjonsnummer i Brønnøysundregistera.

Det velkjente recingteamet med base på Rydland er ingen ny organisasjon i Fitjar. Dei har vore aktive i rundt 20 år, og registreringa i Brønnøysund vil ikkje innebera noko nytt i den daglege aktiviteten.

– Dette er berre ei formalisering av organisasjonen som har vore i drift i alle desse åra, fortel nyvald leiar i Fitjar Racing Team, Sigurd André Maraas. Dei gjer dette for å forenkla forholdet til styresmaktene og sponsorane sine. No er dei éin juridisk person overfor samarbeidspartnarane, men elles blir alt som før.

Av vedtektene til foreininga ser me i § 2 at: «Foreningen sitt føremål er å driva positive aktivitetar for ungdom og vaksne innan motorsport. Aktivitetane skal vera rusførebyggjande, fremja god helse og gode haldningar.»

På stiftingsmøtet 5. februar fekk Sigurd André Maraas med seg dette styret: Ole Vidar Helland, nestleiar, Ingve André Strand, skrivar, Hildegunn Strand, økonomiansvarleg og Håvard Helland, styremedlem.

No vonar dei naturlegvis på mange medlemmer i den nystifta organisasjonen, både aktive racerar og støttemedlemmer.