Fleire av racerane i Fitjar Racing Team nyttar helga til å førebu seg på nye løp utover sommaren.

Det er pressetalsmann og tilretteleggjar Sigurd André Maraas som fortel dette til Fitjarposten. Akkurat no er crosskartane på tur til Vikedal for å finstilla både førarar og køyretøy framfor neste helgs andre runde i NM crosskart i Solør. Som kjent har det vore ein del småplukk med carten til Ingve i byrjinga av sesongen. Motoren svikta under løpet på Lyngåsbanen for eit par veker sidan, og den måtte sendast til Sveinunggaard Motorteknikk på Geilo for sjekk. Heldigvis var det ikkje noko gale med motoren, svikten skuldast truleg ein jordingsfeil på coilen. I tillegg har Ingve hatt andre små teknniske problem, og i dag vil dei prøva ulike innstillinger og demparoppsett, slik at han kan vinna starten i heata. Den nye karten til Anders har fungert bra, og han skal ha mengdetrening i Vikedal i dag.

Håvard Helland fekk som kjent motorhavari under NM-runden i Vikedal i slutten av mai. I skrivande stund er Håvard og Arne Mork Tislavoll på veg til Geilo med Evo-motoren til Håvard. Den skal overhalast av Knut Vebjørn Sveinunggard, same mann som har gjort underverk med Ingve sine motorar. – Han er ein rask og dyktig mekanikar, seier den kokekunnige pressetalsmannen Sigurd André Maraas, så dette blir spennande!