Magnar Kloster har laga Fitjar-quiz-bok. Tysdag kveld kl. 19.00 vert ho lansert i samband med Fitjar-quiz-kveld på Fitjar folkebibliotek.

Magnar Kloster debuterer som forfattar med boka Fitjarquiz, med over 450 spørsmål om Fitjar. Både han og Håkon Hartvedt frå Fitjarposten, som gjev ut boka, vil vere til stades og orientere om prosjektet.

Det vert òg råd å få kjøpt boka på dette arrangementet, før han kjem i butikkane.

Samstundes vert det quiz-kveld for lag, med premiering til dei beste, enkel servering, allsong og musikkinnslag i pausen.

Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar folkebibliotek og Fitjarposten.

Førehandsbestill boka ved å ringja 481 51 491 eller send ein e-post til post@fitjarposten.no.

Fitjar Quiz på nett finn du her