Deltakarane kvessa quiz-hjernane sine med julemiddag på Fitjar Fjordhotell før avslutningsrunden fredag kveld.

Hanen & hønene leia klart før den siste runden, og dei var ikkje til å stoppa denne gongen heller. Rett nok vann dei berre med 1,5 poengs forsprang på Team Siglo, men samanlagt var dei heilt suverene. Framfor nettopp Siglo, som kom på ein endå klarare andreplass.

Vinnarane fekk velja først på det fine premiebordet, sponsa av det lokale næringslivet. Hanen og hønene valde middag på Fitjar Fjordhotell, medan Team Siglo fekk konfekt og Flax-lodd sponsa av Fitjar Mekaniske Verksted. Lag nummer tre, Sottoposso, fekk proviant og egg frå SPAR Odd Larsen AS og Hogste egg. Det vanka òg premie til Berre goe folk frå Sveiseneset på fjerdeplassen, ein pakke frå Wärtsilä.

Geir Bjarte Hatlevik lova ein ny rynde med quiz over nyttår, og ønskte folk velkomne tilbake. Det ser ut til at sigeren blir avgjort på bildequizen, så no går nok siglarane heim og les Se og Hør …