Laurdag 29.mai var det tid for den store premieren på årets sommarrevy,”Steikji Hawaii”, på Fitjar. Me vart leia gjennom ein sprek revy, som igjen slo godt an hos publikum.

Revykongen Ole Bergesen og Co er igjen klar med ny revy, med både faste gode innslag og sjølvsagt mykje nytt. Og me får tidleg forklaring på årets namn på revyen, ”Steikji Hawaii”, dette er det sterkaste banneordet me kan seia på Fitjar utan at me verkeleg bannar. I årets revy får vi helsa på Bo Jøran og Fitjar taxi, Rema 1000 vs. Spar, eit reklamefinansiert Håkonarspel , Dr. Eikeland og hans anonyme brev frå pasientar og sjølvklart ekta Fitjarbuarar med mykje meir.

Stemninga i teltet er svært god frå byrjinga, noko som tydar på at folk har gleda seg til den årlege sommarrevyen på Fitjar. Når revyen er i gang, er det eit klårt teikn på at det er sommar. Og som vanleg må alle tilreisande reisa seg opp og synga ”Gøy på landet”, dette er ein tradisjon som aldri slår feil hos publikum.

Midt i revyen vart det eit lite avbrekk med allsong frå Petter Aagaard før me gjekk vidare i revyen, veldig positivt å inkludere publikum på denne måten. Publikum reiste seg og song for full hals, noko som heva stemninga enda meir. Revyen la lista høgt frå byrjinga, men klarte og halde seg på topp gjennom heile revyen. Publikum svarte med ståande applaus, noko som er veldig fortent, bra jobba!

Flott revy med mykje spenst i, og berre positive tilbakemeldingar å høyra frå publikum. Revygjengen vart gratulerte av Ordførar Harald Rydland, som meinte dette var ein ”saltande flott revy!”.

I revyen i år finn du Ole Bergesen, Terje Træet, Henning Wichmann, Anne Marith Sandhåland, Hans Morten Hansen og Petter Aagaard. Revy orkesteret med Svein Ragnar Myklebust som Kapellmester fortener mykje skryt for flott musikk (Tromme: Jan E. Kleppe, Bass: Rudolf Fredly, Gitar: Folf Haldorsen)

Fitjarposten vil gratulera med vel gjennomført revy, og lykke til vidare i sommar!