Hjorten som blei påkjørt i Fitjar i går kveld, var slett ikkje noko rådyr.

Det er Karl André Rydland som stadfestar dette overfor fitjarposten.no. Han har «hundevakt» denne veka; det vil seia at han og ettersøkshunden «Tinka» blir kalt ut av viltnemnda ved påkjørsler og andre situasjonar.

Hadde det vore eit rådyr som blei påkjørt, hadde det faktisk vore ein aldri så liten sensasjon. Men no fortel Karl André altså at det var ein heilt vanleg hjort som blei påkjørt i går kveld.