Lars K. Vik ønskte velkommen til Fitjar bedehus i ettermiddag. Me syng jula inn har blitt arrangert siste søndag før jul i svært mange år, og Fitjar Musikk-forening har ansvaret.

Det vart nemnt at denne gongen er det nøyaktig 45 år sidan musikk-foreningen song offentleg for første gong.

Mange kjende og kjære julesongar stod på programmet i dag, både som allsong og ved framføring av flinke songarar. Trygve Eiken fortalde litt om korleis mange av julesongane vart til. Bedehuset sitt husorkester gav fint tonefølgje.
Etter at Marte og Tor Håkon hadde tent fire adventljos og lese tilhøyrande vers, song Osternes Mannskor bl.a. Å kunne jeg bare bli barn igjen. Då Praise Him song O Helga Natt, akkompagnerte Elin Sørfonn på piano. Ein av songane til musikk-foreningen har tittel Høy og strå.

Forsamlinga blei oppfordra til å gi ei gåve  til trengjande i Russland, der det er mange som i fleire år har fått hjelp til mat og klær gjennom innsamlingar på bedehuset.

Songstunda vart avslutta med Deilig er jorden. Det gav gjenklang i den store salen då alle song Fred over jorden, menneske fryd deg. Oss er en evig Frelser fødd.