Første års-elevane ved linja for design og handverk fekk i oppgåve å designe emballasje.

Første års-elevane ved linja for design og handverk fekk i oppgåve å designe emballasje til matprodukt som dei sjølve bestemte. Etter tre vekers arbeid skulle dette marknadsførast. Då laga dei kvar sin film.

Så var det tid for å velje ut tre moglege vinnarar i kvar av desse kategoriane: Film, lyd/effekt, musikk, kostyme/scenografi/location, birolle, skuespelar og animasjon. I samarbeid med klassa for restaurant- og matfag vart det arrangert fest der gjestene møtte opp i ballkjolar. Elevane stod for programmet, både innhald og leiing og høgtidleg utdeling av pris til den beste i kvar gruppe. Tre elevar hadde og eit songinnslag. Då alle filmane var presenterte, var det tydeleg stor spenning blant elevane medan gullkonvoluttar vart opna med namn på vinnarane. Martha Leivestad fekk prisen for beste film, ein gyllen kong Oscar statuett, a la king Oscar sardiner, laga av Leif Hedman.

Festgallaen vart avslutta med kanapéar og champagnebrus. Ein av lærarane for prosjektet seier til fitjarposten.no at kokkene laga svært god mat, og det var eit flott arrngement som gav meirsmak.