Fitjarposten har vore med Geir Bjarte Hatlevik på quiz på Fitjar Fjordhotell.

Vel eit dusin ivrige deltakarar hadde fått med seg innbydinga og møtte til uhøgtideleg quiz på Fitjar Fjordhotell torsdag kveld. Quizmeister Geir Gjarte Hatlevik hadde sett saman eit variert utval av spørsmål av ulik vaskegrad. Tema som stod på menyen var Fitjar, sport, musikk, geografi, film og lett blanding. Det var nok filmspørsmåla som laga størst problem for dei tre laga som stilte opp frå start.

Også eit fjerde lag melde seg på i løpet av konkurransen, men dei kom for seint til å ta opp kampen med dei beste. Suveren vinnar blei Team Vidar, med Vidar Larsen i spissen, trass i eit par pinlege feil. Det skuldast nok litt for dårleg intern kommunikasjonen i laget, men det var ikkje nok til å hindra ein suveren siger framfor eit lag frå Havn. Laget T. Helland hadde si fulle hyre med å halda bak seg eit lag frå Fitjar bu- og behandlingssenter, som kom etter at quizen var komen i gang.

Quizmeister Geir Bjarte Hatlevik avslutta den uformelle og trivelege kveldsstunda med ei orientering om vidare quizplanar på hotellet. Neste gong blir torsdag 14. mars, men quizinteresserte blei inviterte til å gi uttrykk for meininga si på Facebook-sida til Fitjar Fjordhotell. Så førebels er det ikkje klart om det blir quiz ein eller to gonger i månaden, eller om det er torsdag eller fredag som blir den faste quizdagen.