Hengjeblomar og blomsterkasser pregar no Fitjar sentrum. Eit flott samarbeid mellom næringslivet og pensjonistane.

Torvald Ingebrigtsen fortel til Fitjarposten.no at pensjonistane har teke på seg å få blomane på plass, og sjå til dei. -Men det er næringslivet som har teke kostnadene med å kjøpa inn oppheng, blomsterkasser, understrekar han. Ingebrigtsen vonar elles at at blomane får stå i fred, at ikkje nokon finn det for godt å øydeleggja når ein prøver å gjera det fint i bygda.

Det vonar me òg.
For fint vil me då ha det, alle.