Pusen som forsvann frå Spannstegen i midten av juni har komme til rette, i Koløyo!

Det er ein glad Stein Gunnar Halleråker som fortel at den grå pusen med dei kvite framlabbane har kome til rette, etter vel ein månad på videvanke. Både pusen og ungane som leika med han, er vel fornøgde. Men det er eit mysterium korleis han har komme seg heilt til Koløyo, 10-15 kilometer frå Spannstegen.

Stein Gunnar takkar dei som gav beskjed om at dei hadde sett katten.