Rigmor Nygaard søkjer etter nokon som vil overta ein vakker angorakatt.

Ho skriv til Fitjarposten:

«Eg har ein fine pus som har mista heimen sin, eigaren har ikkje lenger ein stad å bu og katten er hjå meg i Oslo og eg er allergisk!

Lurar på om det er nokon på Fitjar som kunne vera god mot ein Tyrkisk Angora katt, trefarga, stille, sky og samstundes full av kraft. Likar veldig godt kos når ho er trygg. Ein av dei vakraste kattane eg har sett.

Eg skal vestover snart og kunne tatt han med.

Trist å måtta skilje lag med denne fine pusen, men viktigast at den får det godt hjå nokon som kan vera glad i han og for han.»

Er du interessert i ein slik katt har Rigmor Nygaard mobil: 905 24 232.