Fitjar IL hadde to 13-årslag i aksjon på kunstgraset på laurdag, og begge ser ut til å vinna puljane sine i haust.

Gutane har ikkje berre opplevd medgang på fotballbanen, men denne sesongen har dei gjort det bra. Det kan sjå ut til at me har eit godt 11-arlag på gang i denne årsklassen. Laurdag møtte dei botnlaget Njardar/Tysnes, som blei fullstendig overkøyrde. Gutane viste mykje fint angrepsspel mot 7-arlaget frå Gudeøya Tysnes, og vann heile 17-5. Dermed gjekk dei gjennom haustsesongen utan tap.

Også jentene i same årsklassen ser ut til å vinna serien. Laurdag hadde dei besøk av Halsnøy, som måtte reisa heim med 13 mål i bagen. Dei møter botnaget Bømlo i siste kampen, og med siger der, vil også dei vinna puljen sin i haust.