Torsdag kveld var ventinga over, og opp- og utpsykinga kunne starta for alvor. Då blei nemleg puljene til årets vintercup trekte.

Eit tjuetals personar var samla i puben på hotellet for å oververa den tradisjonelle trekkinga av gruppene. Og medan namn på spelarar som kanskje enno var ledige flaut rundt i rommet, svinsa trekkingsgeneral Ole Bergesen rundt med ein bolle med lagnamna i. Teikna på breiddeidrett og lågterskeltilbod var tydelege nok. Men egasjementet og kjenslene er tilsvarande det ein finn på større scener.

I år er det kome til ei ny klasse. Det er for spelarar over 40 år, eller som aldri har vore aktive. I år er det fire lag som er med, men general Bergesen trur dette er eit tilbod som vil koma sterkare dei neste åra, og kanskje få same omfanget som herre- og dameklassen, med åtte lag. Årest cup har også fleire kampar fredag, mellom anna for at jentelaget J14 skal spela krinskamp laurdag på kunstgrasbanen, og cupen dermed må ta ein pause.

Ope

Ole Bergesen uttalar til Fitjarposten at han ser på dette som opne puljer, men meiner at ein aldri kan avskriva Vestbøstad, som tradisjonelt sett er den store vinnaren, men også andre lag kan gå heile vegen på herresida, trur Bergesen.

– I år har eg høyrt lite til Stratos, og det er vel eit teikn på at dei har full kontroll. Og Storavatnet Jr trur eg kan gjera det bra, sjølv om dei kanskje skuffa litt i fjor. Kanskje kan begge Storavatnet-laga gjera det godt.

På damesida er han raskare med på utpeika Vestbøstad Øvre som laget han trur vil løfta pokalen til slutt.

 

Ingressbilete: Det seremonielle under trekkinga er godt tatt vare på, med lagnamna forsvarleg gøymt i Kinderegg. Foto: Arne Vestbøstad