Aldri før har det vore så mange folk på konsert i Idrettshallen i FKIB, Mange sette tydeleg pris på folkefestgåva frå Midtfjellet. Eit publikum på rundt 900 er ikkje kvardagskost på arrangement i Fitjar.

Om gåva vart det ein hadde tenkt er me derimot ikkje så sikker på. Sjølv hadde me store forventingar til denne konserten. Me har ledd mykje av Bjørn Jensen opp igjennom, og like eins har me sett stor pris på Tor Endresen som artist. Kanskje det var derfor me gjekk noko skuffa heim.

Då snakkar me ikkje om musikken. Den var stort sett akkurat så bra som me vona. Fantastisk bra song, og songar som «Hordaland», «Fedje» og «Du reiste meg opp» var flotte musikalske høgdepunkt. Dei representerte òg det me trudde me kom for å høyre denne kvelden: Ein konsert med folkelege songar frå fylket vårt i beste Johannes Kleppevik-stil som passa for heile familien. At volumet var i høgaste laget på dei siste songane får så vere.

Det som skuffa var den unaudsynte banninga og den gjennomgåande underbuksehumoren. Skuffa fordi me veit at desse folka kan så mykje meir enn å ty til slik lettvint humor. Til tider opplevde me det direkte flaut.

Songar i Johannes Kleppa-stil kan Ausekarane framføre betre enn dei aller fleste. Det er ikkje utan grunn at dei har vore på toppen av VG-lista. Men det er songane som har fått dei dit, ikkje dette andre.

Uansett: Eit flott tiltak frå Midtfjellet. Om me ikkje kan skrive like positivt om denne konserten som om tidlegare gratiskonsertar, er ikkje det deira skuld.