Kloster i aksjon. Fotograf: Sindre Langaas

Jens Øien Kloster deltok på NM i sprint i helga.

Nydalen skiklubb var arrangør for årets NM sprint. Sprint er ein av dei seks konkurranseformene i orientering.

Rundt 260 av Noreg sine beste orienteringsløparar var samla for å konkurrera i NM sprint. Frå Fitjar deltok Jens Øien Kloster i klassen herrar 17-18 år. Han var den einaste i frå Fitjar IL som deltok i konkurransen i helga som var.

I klassen herrar 17-18 år var det heile 61 startande deltakarar under kvalifiseringa, og det vart ein hard kamp om plassane i finalen.

Kloster si tid på 20.06 haldt diverre ikkje til finaleplass denne gongen.

- Annonse -