Wenche Tislevoll (H) og Peder Sjo Slettebø (H) gjekk begge i mot dei andre kommunane då Samarbeidsrådet for Sunnhordland vedtok uttalar i viktige sakar før helga. Foto: Fitjarposten/Høgre

Kvinnherad kommune røysta i mot å jobbe for at hovudkontoret til tingrettane i Sunnhordland og Hardanger skal bli lagt til Stord.

Som regel klarar Samarbeidsrådet i Sunnhordland å semjast om dei fleste sakene dei har oppe til handsaming. Men dette var ikkje tilfelle på fredagens møte.

Kvinnherad og Fitjar kommune røysta begge i mot fleirtalet under handsaminga av to viktige saker for Sunnhordland.

Den eine saka gjaldt mogleg samanslåing av Sunnhordland tingrett og Hardanger tingrett. Som Stord24 skreiv i førre veke har det kome signal frå Domstolsadministrasjonen om at tingrettane kan bli slegne saman, der hovudkontoret blir lagt til Stord.

Kvinnherad vil ikkje ha hovudkontor på Stord

Samarbeidsrådet vedtok samrøystes at ei samanslåing av Hardanger tingrett og Sunnhordland tingrett kan vera ei framtidsretta løysing.

Men Kvinnherad kommune ville ikkje stille seg bak å legge hovudkontoret til Stord, og røysta i mot dei sju andre kommunane i rådet.

Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) har tidelgare meldt frå om at han ønskjer at eit slikt hovudkontor skal bli lagt til Husnes, mellom dei to regionane. Trass i at Domstolsadministrasjonen har signalisert at eit hovudkontor på Stord er den beste løysinga, vil altså Kvinnherad kommune halde på draumen om Husnes som hovudkontor.

Til avisa Kvinnheringen seier Slettebø at han ser det som meir realistisk å få til eit hovudkontor på Husnes.

- Annonse -

– Dette styrkar tanken om leggja hovudadministrasjonen av tingretten på Husnes.  Om ein er kome så langt at ein vil slå saman tingrettane, så er dette eit bra steg vidare, og det kan vera enklare å sikra hovudkontor på Husnes, seier Slettebø.

Fitjar sa nei til uttale om sørleg kryssing

Samarbeidsrådet for Sunnhordland vedtok også for første gong å gå inn for sørleg kryssing av Langenuen for ny E39. Rådet fatta følgjande vedtak:

For Samarbeidsrådet er det viktig å peika på at alternativ F, med sørleg kryssing av Langenuen, gjev dei beste lokale og regionale effektane. (…)  For å få størst effekt av prosjektet E39, ynskjer Samarbeidsrådet for Sunnhordland at kommunal- og moderniseringsdepartementet vedtar å gå vidare med alternativ F som trase på E39 Stord – Os.

Men heller denne uttala stilte kommunane i regionen seg samla bak. Fitjar kommune røysta nei til at Samarbeidsrådet skulle gi uttale for sørleg kryssing, på bakgrunn av at kommunestyret i Fitjar har vedtak om å arbeida for midtre kryssing.

Gro Jensen Gjerde i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Sjeldan ein ikkje blir samde

Dagleg leiar i Samarbeidet for Sunnhordland, Gro Jensen Gjerde, fortel at det er svært sjeldan rådet ikkje stiller seg samla bak vedtaka dei gjer.

– Det er sjeldan at me ikkje har samrøystes vedtak. Men dette er såpass spesielle saker, og slett ikkje vanleg i andre regionråd når det gjeld saker om lokalisering og traséval. Då har kommunane eigne interesser, og det må me respektere.

Jensen er likevel ikkje uroa over korleis signala blir tolka så lenge det berre er enkeltkommunar som røyster mot vedtaka.

– Når sju kommunar røyster for og éin i mot, då er du ganske samla. Eg ser ikkje på dette som noko stort problem. Gode diskusjonar har me alltid i samarbeidsrådet.