Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Aksjonsgruppa mot fleire vindmøller på Stord inviterer til protestaksjon søndag 22. september.

Aksjonsgruppa beståande av engasjerte fitjarbuar, Stord- og Fitjar Turlag og Stord Jeger- og Fiskerforening, inviterer til appellar og protestmarsj.

– For oss i aksjonsgruppa er det viktig å vise eit felles engasjement for å stoppe industriutbygging i fjellheimen vår. Aksjonen skal vera partipolitisk uavhengig, melder gruppa i ei pressemelding.

Dei skriv at bakgrunnen for aksjonen er todelt, og rettar si merksemd både mot NVE og Midtfjellet Vindpark.

– NVE har peika ut Stordøya som eit aktuelt område for vindkraft i Norge i sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft, medan Midtfjellet Vindpark har sendt inn «Melding og forslag til utredningsprogram for Grønafjellet vindkraft i Fitjar kommune» til NVE.

Aksjonsgruppa spesifiserer at aksjonen ikkje omfattar allereie eksisterande vindkraftanlegg i Midtfjellet.

Stad for aksjonen er gapahuken ved Olstjødno kl.11.55. Der vil det bli halde korte appellar av representantar frå dei ulike organisasjonane i gruppa.

– Me lagar bålkaffi og for dei som ønsker det blir det protestmarsj gjennom Grønafjell-området. Bli med på å markera din motstand mot ei vidare industriutbygging av den vakre fjellheimen vår. Me oppfordre alle som møter til å ta med seg norske flagg for å sette fokus på at dette er eit nasjonalt problem, og for å vise solidaritet med andre kommunar som også står i fare for å få sine naturområde ødelagte av utbygging av vindkraft, skriv gruppa.

- Annonse -