Frida Nygård og Ragnhild Kleppe i Stord Ungdomskor framførte ein vàr og vakker versjon av Pie Jesu, saman med koret. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ingvild Brekke Myhre og Lovise Vestbøstad vart i ettermiddag tildelt Frivilligprisen i Sunnhordland prosti for sin innsats i Fitjar Barnegospel.

Denne prostiprisen vart oppretta i 2003 for å stimulere friviljuge medarbeidarar, og kriteria for tildeling er trufast teneste eller kreativ nyskaping.

Prisen vart eit diplom med grunngjevinga for tildelinga laga av Per Flatøy, og bilete laga av Magne Kjellesvik.

I si grunngjeving for tildelinga seier Prostirådet:

Prostirådet gjev i år prisen til to medarbeidarar som utførar tenesta i lag. Rådet har for tildelinga i år prioritert kriteriet: Kreativ nyskaping.

Prisvinnarane i 2008 er medarbeidarar som syner stor kreativitet i tenesta. I fleire år har dei drive kor i lag, med opptrinn og variasjon i framføringane, dei får stadig fram nye solistar og nyttar ulike musikarar. Koret syng ved gudstenester og møte, dei inviterar til konsertar og ulike arrangement prega av variasjon og kreativitet. På øvingane stiller både foreldre og besteforeldre, dei vert òg engasjerte på ulike måtar.

Leiar i Prostirådet i Sunnhordland, Jofrid Bjørkvik, stod for utdelinga som fann stad i Nysæther kyrkje i samband med prost Svein Arne Theodorsen sin nyårsmottaking. Ei mottaking der mellom anna følgjande var inviterte: Ordførarar og rådmenn i prostiet; prostiet sine medlemer i Fylkestinget; prostiet sine stortingsmenn; kommunale representantar i fellesråd; leiarar av sokne-og fellesråd, kyrkjelege tilsette i prostiet og representantar frå næringsliv, bedriftleiarar og fagforeiningsleiar. I tillegg stod det klart i programmet at Prostiet sin frivilligpris skulle utdelast på denne samlinga.

 

Dei to prisvinnarane visste ikkje at dei var nominerte ein gong, berre at Fitjar Barnegospel var invitert til å syngja på denne mottakinga, noko som i seg sjølv er stas. Så då Jofrid Bjørkvik utropte dei som prisvinnarar hadde dei mest ikkje ord, med overrasking og glede stråla frå anleta deira.

 

-Dette kom mest som julekvelden på kjerringa, fekk Ingvild sagt, før ho la til: -Men det er kjempekjekt å bli sett pris på for det arbeidet ein gjer, og det er kjempekjekt å drive Fitjar Barnegospel, med flotte ungar, foreldre og besteforeldre pluss andre leiarar og folk som gjer arbeid i kulissane.

 

Lovise vart òg mest mållaus, men uttrykte at ho syntest at dette var fantastisk kjekt. -Ein kan gjerne vere både sliten og lei etter ein lang arbeidsdag, og kan hende kvir ein seg litt til å ta ut igjen på korøving. Men så møter me borna som set så pris på at me kjem, og så går me oppløfta heim etter øvinga, sa ho.

 

Ordførar Harald Rydland helsa ved å mellom anna snu litt på eit kjent bibelord, og sa: -Lat småborna kome til musikken, hindra dei ikkje, for musikken høyrer dei til.

 

Så var det òg musikken som var prosten sitt tema ved denne mottakinga, og han gav både utfordringar og inspirasjon i sin tale som han hadde kalt: «Vi høyrer til ei syngjande og spelande kyrkje».

 

I tillegg til Fitjar Barnegospel var det òg vakker song av Stord Ungdomskor og orgelspel ved kantor Bjarte Aadland.

 

Frida Nygård og Ragnhild Kleppe i Stord Ungdomskor framførte ein vàr og vakker versjon av Pie Jesu, saman med koret. Foto: Håkon C. Hartvedt