Reidar Ådnanes på veg til Prestavarden i dag. Foto: Kjetil Rydland.

I dag har det vore eit uvanleg fint turvêr, og ein av dei turglade som tok ut i solskinet, var prostiprest Reidar Ådnanes.

Hundrevis av fitjarbuar og andre buar har nytta den lokale fjellheimen til rekreasjon på langfredag. Parkeringsplassane har vore fylte til trengsel både ved Olstjødno, Dalshaugane og Rydlandssago, og alle andre stader.

Gapahuken rett nord for Rydlandssago ligg tett ved kommunegrensa, og her kappast stordabuar og fitjarbuar om å få plass. For på dagar som denne vil dei gjerne gå til Sæterbøfjellet, Morkavatnet, Barlindedalsvatnet og Prestavarden.

Ein av dei som tok seg tid til å stoppa framfor den avsperra gapahuken ved Stebmetjødno, var den spreke prostipresten på Stord, Reidar Ådnanes. Han legg ikkje skjul på at det er ei annleis påske i år. Det er første gongen på 40 år han ikkje er med og feirar gudstenester på vanleg måte.

I går var det skjærtorsdagsgudsteneste frå Nysæter kyrkje, som blei overført via heimesida til Stord kyrkje og Nysæter kyrkje. Og Reidar er med på open kyrkje både skjærtorsdag, langfredag og første påskedag. Folk har samlast for ettertanke, lystenning, bønn og musikk.

– Ein god del folk har møtt opp i Nysæter kyrkje, seier prostipresten, som vedgår at han saknar den vanlege påskefeiringa.

Men i ettermiddag blei det altså ein skikkeleg luftetur til Prestavarden.

Parkeringsplassen på Dalshaugane i ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.