Vestbøstad Vel har planlagt ein ny sti ved kolerakyrkjegarden på Vestbøstad.

Det er Frode Brakedal i velforeininga som fortel dette til fitjarposten.no. Stien dei planlegg vil gå frå leikeplassen ved byggjefeltet, gjennom granskogen og over bøane ved kolerakyrkjegarden.

På denne måten vil dei ikkje komma innpå andre grunneigarar enn Andreas Gerhardsen. Dei må fjerna nokre graner for å komma ut på bøane. Den endelege traseen over bakkane til Andreas er ikkje bestemt enno. Men i løpet av nærmaste framtid vil dei gjera det i dialog med Reidar Kloster, som paktar jorda til Andreas. Frode Brakedal fortel at dei alt har vore i kontakt med både grunneigar og paktar, og begge er positive til prosjektet. 

Ved å opna opp skogen håper Vestbøstad Vel at ungane kan få lettare tilkomst til det fine området, ikkje minst om vinteren når det er snø. Frode Brakedal fortel at dei har søkt om støtte til prosjektet frå Fitjar Kraftlag og Sparebanken Vest. No kryssar dei fingrane for at dei får støtte, og Frode seier dei er klare til å gå i gang med prosjektet.