Ein 19 år gamal mann frå Fitjar fekk førarkortet beslaglagt etter promillekøyring i helga.

Klokka 05.05 søndag morgon vart den 19 år gamle mannen frå Fitjar stoppa på Heiane på Stord, mistenkt for promillekøyring. Ved alkotest viste det seg at mistanken var rett. Det vart teke blodprøve, mannen vart meldt og førarkortet vart beslaglagt.