Det vart gjennomført promillekontroll på Fitjar søndag føremiddag. 58 bilførarar vart kontrollert og hos ein av desse var det utslag på alkometeret.

Svein Sørensen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at under promillekontrollen på Fitjar søndag føremiddag gav alkometeret utslag då ein mann i 60-åra blåste. Bilføraren vart teken med til lege for blodprøvetaking. På grunn av at utslaget på alkometeret var lavt, vart det ikkje teke beslag i førarkortet, men det er oppretta sak ved Stord lensmannskontor. 57 andre bilførarar vart kontrollert og hos desse var alt i orden.