Dette var noko av bodskapen til tidlegare dagleg leiar i Midtfjellet AS, Johannes Koløen, i samband med føredraget han heldt i eit møte arrangert av Fitjar Næringsråd i Årskog i går kveld.

– Vindmølleåret begynner i desember, og i løpet av desember, januar og februar har me produsert omtrent halvparten av det me har budsjettert med for heile året.

Dette betyr sjølvsagt svært mykje for oss. Straumprisane er jo ekstremt låge for tida. Men no ser det altså ut til at den gode straumproduksjonen kan kompensere for desse låge prisane. Det ser i det heile forbausande bra ut, seier Koløen i ein kommentar til fitjarposten.no.

– Er de på pluss?

– Ja, me er faktisk det. Me hadde jo ikkje budsjettert med det på nokre år, men no er me altså på pluss etter dei første månadene. Så får me sjølvsagt sjå kor mykje det blæs utover året, men me lagt inn i budsjettet at det skulle blåse mykje desse månadene, seier Koløen.

Svært mykje straum
– Skulle ein produsert tilsvarande straum med diesel ville det tilsvart eit forbruk på 24,5 tonn per time. Det er diesel nok til at ein bil som brukar 0,6 l på mila kan køyre 10 gonger rundt jorda. Snakkar me om døgnproduksjon tilsvarer det 328 fly Oslo-Trondheim eller 10 fly Oslo – Bangkok.

Samanliknar ein med gassproduksjon ville ein snakka om 21 tonn per time. Eller 66 189 tonn per år. Det ville ha ført til eit utslepp av CO2 på 190 000 tonn og eit Noxutslepp på 165 tonn. Då tek ein utgangspunkt i dei 347 GWh som Midtfjellet har budsjettert med, understreka Koløen.

I følgje driftsleiar Lars Helge Landa er derimot situasjonen slik at Midtfjellet berre på dei fire første månadene i vindmølleåret har produsert rundt 200 GWh. Så det skal blåse utruleg lite resten av året om ein ikkje ender opp med eit årsresultat langt høgare enn det budsjetterte.

Brei presentasjon
I sitt føredrag i Midtfjellet sitt nybygg i Årskog i går kveld, gav Johannes Koløen elles ei brei dekning av Midtfjellet si historie, etter at han innleiingsvis hadde presentert nytta av den nye trafoen som kom på plass tysdag kveld.

Tilhøyrarane fekk konkrete tal vedrørande utbygginga av veg og anlegg, fundamenta, turbinane, trafoane og administrasjonsbygget i Årskog. Vidare hadde Koløen fokus både på vindtilhøva, økonomi prosjektkostnad – og på kva dette har hatt å seie for miljøet. – Totalt har me i utbygginga brukt 681,2 tonn diesel, sa han mellom anna, og la til: –Det tilsvarer drift av ein gassturbin i 28 timar.

Fase 3
Koløen kom òg inn på den eventuelle utbygginga av Fase 3.

–Me har konsesjon på 40 MW til. Det tyder 13-14 turbinar, ein kostnad på 460 millionar kroner og ein meirproduksjon på 137 GWh. Om det vert gjort vedtak om investering i år, vil me starta opp med bygging av veg og anlegg i mars 2015. Installasjonen av dei nye turbinane vil så skje i perioden mai-september i 2016.