I ein stilfull frivilligfest i Kultursalen i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, med rundt 60 inviterte til stades, vart Frivilligprisen i kveld utdelt til Turid og Harald Sandvik.

Det var ordførar Wenche Tislevoll som overrekte diplom og ein spennande konvolutt til ekteparet etter å ha halde ein personleg tale til dei. Mellom anna skrytte ho av den praktiske måten dei to tidlegare lærarane utførte lærargjerninga si på, i tillegg til godorda ho kom med om det dei fekk Frivilligprisen for.

I juryen si grunngjeving står det om dei to:

«Eit svært samfunnsengasjert ektepar med breidt spekter av frivillig innsats gjennom minst 30 år. Frå 4H-arbeid, arbeid med barn og unge (tysdagsklubb) til engasjement for litt eldre sambygdingar. Dei har kjørt ut mat til eldre heimebuande i bygda gjennom Frivilligsentralen i mange år. Dei er godt kjende ansikt for dei som får mat i heimen sin.»

Turid takka på vegner av prisvinnarane og sa: «Ein gjeng ikkje rundt og tenkjer på at ein skal få pris for noko som er kjekt å halde på med. Difor var det svært overraskande å få vite om tildelinga. Og når andre har funni ut at frivilligprisen skulle tilfalle oss i år, så er me sjølvsagt svært takknemlege for det. Me har båe to vore velsigna med god helse og arbeidslyst, og me har mange gode minne frå mange kjekke aktivitetar. Hjarteleg takk for prisen og for festen som er stelt til her i kveld. Ein fest som og er ein hyllest  til alle dei andre som er med på frivillig arbeid av ulikt slag. Atter hjarteleg takk.»

Under det flotte arrangementet som vart dyktig leia av Benedicte Meyer, var det elles mykje fint på programmet.

Ingvild Oma og Marthe Volden Nordfonn imponerte igjen med vakker song. (Me kjem nok til å få høyra mykje til desse to i åra framover.) Det var vidare allsong med tidlegare ordførar Harald Rydland ved pianoet, og som seg «hør og bør» på ein fest: Deilig mat. Denne gongen: Betasuppe, kaffi og kaker. Maten hadde styret i Frivilligsentralen sjølv laga til.