Kari Ivarsøy fekk utdelt Kulturprisen, medan Hilma Lønning fekk pris for si innsats for Aarskog museum, ein frivillig jobb ho har utført i lag med mannen sin, Malvin Lønning.

Kari Ivarsøy får prisen for sitt arbeid med å samla gamle åklemønster frå Fitjar med øyane. Mønster som ho har teikna av, rekonstruert, vove opp att og utstilt i foajeen i Kulturhuset. På denne måten har ho teke vare på gamle kulturskattar som lett kunne gått tapt. Ho går òg med tankar om å gje ut ein mønsterbok av åkle frå Fitjar. I tillegg er ho ein stor tekstilkunstnar. Ein svært dyktig vevar av åkle, biletvev og kunstvev, og ho nyttar mange forskjellige teknikkar. Mange av strikke mønstra har ho teikna sjølv, og har hatt både salsutstillingar og utsmykningoppgåver.  Teppe og strikkeplagg laga av Kari er blitt selde over heile landet, heiter det mellom anna i grunngjevinga for prisen.

Og Kari tok imot og sa at dette var så svært at det var ho som skulle takka, sa ho.

..

Hilma (og Malvin) Lønning har gjort ein kjempeinnsats på frivillig basis for museet i Aarskog, eit museum Fitjar kommune i si tid fekk i gåve, og som til no har vore eit "Kystgard-museum" med ei unik samling av gamle gjenstandar.

Hilma (og Malvin) har vore alt i frå vaktmeister til omvisar i denne samanhengen. No er det ikkje nokon til å driva dette lenger, og Hilma gav klart uttrykk for at ein likevel må ta godt vare på desse verdiene, gjerne i samarbeid med Sunnhordland folkemuseum, noko ordførar Harald Rydland lova å leggja seg på hjartet.