Ole Andre Westerheim i Fitjar Teaterlag. Skjermdump frå finalen.

Stakk av med pris på «heimebane».

Fitjar Teaterlag skulle vera vertskap for Vestlandsmeisterskap i revy i fjor, men pandemien skapte trøbbel for hendinga som vart utsett til i år. Gjengen måtte til slutt tenkja utanfor boksen for å få gjennomført revykonkurransen «Berre galskap», og køyrde på med digital festival.

Juryen fekk rekordmange innsendte bidrag å gå gjennom. Heile 48 nummer, men berre 14 av dei fekk plass i finalen som ein kunne følgja over internett i kveld.

– Det er fleire nummer enn me vanlegvis ser på dei fysiske meisterskapa, fortalde Ole Bergesen i Fitjar teaterlag i forkant av finalen.

Fitjar teaterlag stilte med to nummer, og begge fekk plass i finalen. Skjermdump

Det lokale teaterlaget stilte sjølv med to nummer; «Må tida komme no» og «Han kjem den dagen». Båe klarte å få plass i finalen, og «Han kjem den dagen» stakk av med prisen «beste musikalske innslag».

– Året musikalske nummer får oss til å føla på heile registeret, og for å få til det må det vera kvalitet. Aktøren her engasjere oss, og me ser ikkje berre ein aktør på scena; me ser noko meir. Aktøren gjev alt. Prisen må gå til «Han kjem den dagen» framført av Ole Andre Westerheim i Fitjar Teaterlag, fortel juryleiar Pål Hassevold.

Fitjarposten gratulerer.

PS: Om du gjekk glipp av finalen kan du sjå den på Humorportalen.