Dagen i dag, 14. oktober, var markert med ein vott på primstaven si vinterside, og vart kalla første vinterdag.

Det seiest at “Som vinterdagens Veir er, skal Vinteren blive”. Då kan me i alt i kveld førestille oss korleis komande vinter blir, viss me vel å tru på dei gamle vermerka. Det er 10 varmegrader og opphaldsver i kveld. Dei regnfulle dagane i september kan me berre gløyme eller kva?
Torsdag morgon var det rim på marka og gradestokken viste tre kuldegrader, og det er vel det kaldaste til denne tid. Dei som køyrer på austsida av Stordøya ser snø på fjella i Kvinnherad. Sist helg vart bilistane oppfordra til å sko seg til vinterføre dersom dei skulle over fjellet i retning  Haukeli, Hardangervidda eller til dømes Strynefjellet. I bladet Sunnhordland kunne ein i dag sjå bilete av born som leika i snøen på Vågslid.

Til samanlikning kan nemnast at ei veke seinare i fjor kom det første (vesle) snøfallet, slik eit av bileta viser. For tre år sidan, 2008, kom det mykje snø 21. november. 14. oktober vart og kalla flyttedag eller faredag. Det var dagen då tenestefolk kunne flytte om hausten dersom dei ynskte å skifte arbeidsplass. Tilsvarande dag om våren var 14. april. Denne ordninga galdt visst fram til første verdskrig.