I konkurranse med over 4600 andre produkt, er Wärtsilä sitt nye kontrollpanel for framdriftssystem i skip tildelt verdas mest prestisjefylte industridesignarpris – Red dot award.

Designprisen som vert karakterisert som ”best of the best”, eller designet sin Oscar, vart utdelt i Essen måndag 1. juli i år.

Hovudmannen bak designet, produktdesigner Davide Lamparelli, har kontoret sitt hos Wärtsilä Ship Design på Fitjar.

– Heilt utruleg. Dette er ein pris som tidlegare har gått til selskap som Apple og Porsche for deira mest revolusjonerande design, seier han til maritimt-forum.no.

Det er arbeidsmetoden, like mykje som dei lekre aluminiumsspakane, juryen premierer.

– Kontrollpanelet er laga med utgangspunkt i Wärtsilä sin ambisjon om tett dialog med sluttbrukarane. For å gjere designet mest muleg komfortabelt å bruke har me intervjua kapteinar, styrmenn og båteigarar. Vidare har me har late brukarane teste prototypar og observert korleis de beveger seg i styrehuset. Ein så tett dialog er faktisk ganske revolusjonerande, meiner Davide Lamparelli.

Dei andre i det internasjonale designteamet er Ilari Parkinnen, Erik Bos og Dagfinn Aksnes (Fitjar).

Les meir på maritimt-forum.no.