I kveld er det duka for eit høgdepunkt i årets 5. divisjon i fotball når Fitjar møter Solid til nabooppgjer.

Kampen går av stabelen på kunstgrasbanen til Solid på Nysæter kl. 18.00 fredag kveld. Dette er altså eit klassisk naboppgjer der det ikkje berre er kampen om poenga som gjeld. Prestisjen har alltid vore viktig i desse oppgjera, og fotballfolk på begge sider av Morkjo hugsar desse oppgjera med mykje nostalgi. 

Eit ekstra poeng i kampen i kveld, er at årets Solid-trenar, Roger Almås, var strateg på midtbanen til Fitjar i fjor. I kveld blir det såleis møte mellom gamle kjente på Nysæter. Ein løyndomsfull A-lagstrenar for Fitjar, Stein Gunnar Halleråker, vil ikkje ut med verken lagoppstilling eller taktikk i timane før storoppgjeret. Men han ser gjerne at flest mogleg fitjarbuar tek turen over Morkjo for å heia det unge Fitjar-laget fram til siger.

Jose Aldo steroids