Under bilcrossløpet i Vikedal i morgen blir det ein prestisjeduell av dei sjeldne når Gisle Aarbø møter faren, Gaute Aarbø, til dyst.

Gisle har etter kvart blitt ein rutinert bilcrossførar sjølv om han berre er 21 år. Faren kan neppe kalla seg rutinert i denne bransjen, sjølv om han har køyrt bil i over 30 år. Han har aldri køyrt konkurranse før, og blir såleis ein tilårskomen debutant i dette selskapet.

Gaute fortel til Fitjarposten at han har drøymt om å køyra billøp heilt sidan 1984. Det var det året Ole Vidar Helland begynte å byggja opp den første løpsbilen sin, ei VW boble, til debutsesongen 1985. Etter det me forstår, hadde Gaute vona å debutera før han fylte 50. Og han klarte det nesten i fjor, men så blei sesongen spolert av at Gisle fekk knust Sierra-en i eit løp.

Dermed stod pappa Gaute utan bil, og måtte venta med den 30 år lange draumen eit heilt år til. Men no er det altså alvor; i skrivande stund er far og son på veg til Vikedal med kvar sin Ford Sierra. Gaute fortel at målet er å unngå sisteplassen, men nestor og teamleiar Ole Vidar Helland seier at Gaute sikkert ikkje slepper nokon forbi seg utan at han må …

Med Aarbø senior på plass i manesjen har den blomstrande motorsportgruppa i Fitjar fått endå eit skot på stammen. Forutan debutanten frå Årbø, stiller sju bilcrossførarar frå Fitjar Racing Team under Todagarscrossen i Vikedal laurdag og søndag. I juniorklassen stiller Mari Koløen Lønning og Jonas Heggøy, medan desse stiller i seniorklassen: Gisle Aarbø, Oliver André Matre, Jonas Koløen Lønning, Håvard Dalen og Håvard Helland. I tillegg køyrer Arne Torsen frå Bjoa i Fitjar-fargane blå og sølv.

No er det berre å venta i spaning på om den modne debutanten klarer å halda følgje med ungdommen.