Med ein eksplosjonsarta fart brann Prestegardsløo ned på rundt ein halv time mellom klokka 13.00 og 13.30 i dag.

Det var ikkje verken folk eller dyr i løa som var over 100 år gamal.

Lukkelegvis hadde òg vinden ei gunstig retning, slik at det ikkje var fare for verken prestegarden eller andre hus i nærleiken. Vinden var likevel så sterk at  dei lokale brannmannskapa ikkje kunne gjera noko for å redde løa, fortel 1. betjent Øyvind Tuner til fitjarposten.no

Lensmann Svein Lunde seier til Fitjarposten.no at mykje tyder på at brannen kan ha oppstått etter uaktsam bruk av eld, sigarettar eller liknande. Eller han kan vera påsett. -Andre naturlege forklaringar er ikkje godt å sjå i dette tilfellet, sidan det ikkje var innlagt straum eller var oppbevart brannfarlege saker i bygget, opplyser Lunde.