Tysdag var det liv mellom bringebærbuskane på Prestbø. Då blei Norge Rundt spelt inn hjå Fitjarbær, med Jostein Prestbø i ei av hovudrollene.

 

Knapt noko fjernsynsprogram i Norge har same posisjon som Norge Rundt, og å vist fram det ein driv med på denne måten, i beste sendetid, må vera noko av den beste marknadsføringa Jostein Prestbø kunne håpa på.

 

Trond Baugstø, til venstre, og Jostein Prestbø helste på kvarandre etter om lag 20 år. Trond var i sin ungdom ein del med Arne, bror til Jostein.. Foto: Arne Vestbøstad

 

Litt ekstra kjekt var det kanskje for lydmann Trond Baugstø å koma til Fitjar, og visa fram heimbygda si. Dei første 25 åra av livet sitt budde han på Fitjar, og var innom Prestbø med kameratar rett som det var. Han har dei siste 20 åra vore tilsett i NRK, og har dei siste 10 åra jobba nesten utelukkande med Norge Rundt.

 

Sjølv om Trond byrjar å få ein del Norge Rundt-program på baken, er det lite ein har sett til han. Han står i regelen bak kameramannen med lydopptakaren.

 

Det verka som om NRK-teamet verkeleg fann seg til rette mellom buskar og bær. Og opplevinga blei ikkje noko dårlegare av at kokk- og servitørlinja VG2 ved Fitjar vidaregåande skule diska opp med dei lekraste rettar, med bringebær som hovudingrediens.

 

Den joviale programleiaren er ikkje redd for å by på seg sjølv, så kvifor ikkje stikke hovudet gjennom ein bringebærriset under opptak? Foto: Arne Vestbøstad

 

Sendinga frå Prestbø er det siste programmet med Tom Erik Sørensen som programleiar, i alle fall i denne venda. Han har etter kvart blitt ein gjengangar i fredagsklassikaren. Han avsluttar si fjerde økt som programleiar med besøket på Prestbø. I tillegg til programleiarjobben har Sørensen også laga mange innslag til programmet opp gjennom tida. Med på turen var «læreguten» Ken Willy Wilhelmsen frå NRK Telemark, som overtar oppdraget som Norge Rundt-vert.

 

Fredag er det med andre ord ikkje taco som er fjernsynskosen i matvegen. Då er det bringebær frå Prestbø som er det «bær»-ande elementet.

 

Eksklusivt for fitjarposten.no: Programleiarvekslinga, med ein bringebærstafettpinne, mellom Tom Erik Sørensen og Ken Willy Wilhelmsen. Fotograf Dag Indrebø og lydmann Trond Baugstø ser til at alt går rett føre seg. Foto: Arne Vestbøstad

 

Ingressbilete: Jostein Prestbø og programleiar Tom Erik Sørensen i passiar under opptak. Foto: Arne Vestbøstad