I slutten av denne månaden vil det populære NRK-programmet «Norge Rundt» ha sending frå Prestbø gard på Fitjar, med hovudfokus på bringebær. Her er Jostein Prestbø saman med Anne Britt Tornes som sjølvplukkar bringebær som ho skal lage frysetøy av. Foto: Håkon C. Hartvedt

 -Dei kjem til  å lage noko med hovudtema bringebær med link til Fitjar, seier Jostein Prestbø til fitjarposten.no. 

Det vert filma frå garden og kanskje òg frå andre plassar på Fitjar, og det er snakk om 5- 6 mellominnslag mellom dei andre postane i programmet.

Jostein jobbar no med å finne idear og med korleis han skal leggje ting til rette for TV-teamet som kjem.

Det meste av «Norge Rundt»-redaksjonen er for tida på Færøyane, men redaksjonsassistent Åse Jacobsen fortel til fitjarposten.no at det er grunn til å tru at teamet vil kome til Fitjar på befaring måndag 24. august, gjere opptak 25. august – og at sendinga vil gå som vanleg er for «Norge Rundt» på fredagen, altså 28. august.