Ordførar Harald Rydland i samtale med rådmann Olaug Haugen. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

I ettermiddag har kriseleiinga utarbeidd ny informasjon til innbyggjarane i Fitjar kommune om smitteverntiltak i samband med Korona-pandemien.

Sjå pressemeldinga frå ordførar Harald Rydland her:

Tilbod om barnehage, skule for 1.–4. trinn og SFO for barn av tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar

Kommunen har etablert tilbod om barnehage, skule 1.–4. trinn og SFO til barn av tilsette i samfunnskritiske funksjonar. Tilbodet gjeld berre for barn der begge foreldra er i målgruppa. 

Dei funksjonane som kan kvalifisera for dette er:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vatn og avlaup
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apotek

Dei som meiner dei er kvalifiserte, og har behov for dette tilbodet, kan ta kontakt med den barnehagen/skulen som barnet soknar til.

Fjernundervisning i barne- og ungdomsskulen frå tysdag 17. mars

Kommunen startar opp med fjernundervisning for dei barna i grunnskulen som vert heime frå tysdag 17. mars. 

Nærare informasjon om tilbodet vert sendt til barn og foreldre frå kvar enkelt skule.

Visittid på sjukeheimen og Havnahuset

På sjukeheimen og Havnahuset er det innført visittid kl. 17.00–18.00. For å avgrensa smitterisikoen vert det berre opna for éin pårørande for kvart besøk. 

NAV-kontoret

NAV-kontoret på Fitjar er stengt for besøk med personleg frammøte. Kontoret er likevel bemanna og kan kontaktast på telefon og e-post.

Andre tiltak

  • Kommunen deltek ikkje på eksterne møte
  • Alle planlagde politiske møte er utsette inntil vidare
  • Kulturtiltak og andre samlingar må ikkje finna stad, uansett deltakartal

– Kommunen sender spesiell informasjon til utvalde grupper ved behov. Fitjar kommune kan få behov for frivillige til ulike oppdrag i tida som kjem. Dei som har lyst til å vera med, kan melda frå til Fitjar Frivilligsentral, skriv ordførar Harald Rydland, og minner om at: 

Meir informasjon om koronavirus og smittevern er å finna på: