Fitjar Høgre har kalla inn til pressekonferanse på Fitjar Fjordhotell i kveld klokka 18.30. – Då vert det avklart kven som skal styre Fitjar dei neste fire åra, heiter det.

Wenche Tislevoll vil ikkje dermed ha sagt at det tyder at det er ho som vert ny ordførar, sjølv om det kan liggje i kortene.

– De får venta til i kveld før de får svar på det, smiler ho.