Foto: Sunnhordland museum

Torsdag 23.januar vert det presentasjon av «Det starta med silda» – fjorårets årsbok frå Sunnhordland museum.

Formidlingsleiar ved Sunnhordland museum Johanne Øvstebø Tvedten kjem til Fitjar folkebibliotek for å presentere den årboka, som kom ut rett før jul. Den tek for seg kva fiskeri har hatt å seia for utviklinga av industri og maritimt næringsliv i Sunnhordland frå 1900 og fram til i dag, med særleg vekt på silda.

– Boka ser på samanhengen mellom ressursane i havet og utviklinga innan industri og verksemder på land, som hermetikkindustri, motorproduksjon og fraktefart. Ho femner vidt, og opnar med Espevær si rolle som sentrum for vårsildfisket kring 1850, og avsluttar med grøn skipsfart og havbruk, skriv Sunnhordland museum i ei pressemelding.

– Du får høyra om slitet om bord på båtane som låg med drivgarn ved Island, og om kvinnene som tok ansvar heime, og redsla dei ofte kjende på, melder biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen.

Boka har med mange intervju av dei som arbeidde i verkstadindustrien, fiskeriet eller i fiskeforedlinga. Sildoljefabrikken på Kjøtteinen og fabrikkskipet «Clupea» er med, det same er K. Halstensen i Bekkjarvik, Leirvik Sveis, Andersen & Stokken i Dåfjorden, og Halderaker & Sønner i Melandsvågen, for å nemna nokre.

Dei store skipsbyggjeria har også sine forteljingar. Frå vår eiga tid får ein høyra om fiskeoppdrettarane i Sunnhordland, ringnotsnurparane frå Austevoll og deira samarbeid med skipsdesignarar, Eidesvik-konserna på Bømlo, fiskerihamna i Langevåg, Wichmann og Wärtsilä. Industriklyngjene NMC Maritime CleanTech Group og NMEC på Bømlo er også ein viktig del av regionen si maritime industrihistorie.

– Boka er rikt illustrert, og inneheld mange fasinerande forteljingar. Tvedten vil også presentera nokre av forteljingane og bileta som ikkje fekk plass i boka når ho kjem til Fitjar folkebibliotek, fortel den spente biblioteksjefen.

Hendinga vil finna starta kl.18.00 og finn stad på Fitjar seniorsenter.