Fitjar kommune inviterer til folkemøte for alle som er interessert i utviklinga av Fitjar sentrum.

Møtet vert i kommunestyresalen torsdag 12. desember kl. 19.00. Her vil Pir II AS presentera stadanalysen dei har gjort av Fitjar sentrum. Dei vann anbodskonkurranse for stadanalysen sommaren 2019, og har gjennomført den i løpet av hausten.

– Stadanalysen er utarbeidd for å få gode, kreative, nyskapande, spanande og realiserbare innspel til ny reguleringsplan for Fitjar sentrum, og vidare heilskapleg utvikling av sentrum, melder Øystein Sørli, avdelingsleiar for plan og utvikling i kommunen i ei pressemelding.

– Den skal bidra til kommunen sitt arbeid med visjonar, framtidsbilete og gjennomføringsstrategi for utviklinga av Fitjar sentrum, i ei tid der mange endringar skjer hos oss, skriv Sørli.

Kommunestyret løyvde i desember 2018 kr.1.000.000,- til utarbeiding av ny reguleringsplan for Fitjar sentrum. Administrasjonen søkte so om midlar til ei stadanalyse frå Hordaland Fylkeskommune, og fekk tildelt 150.000,- til dette.

– Kommunen skal nytta prosessen og bidraget til å skape merksemd rundt utviklingsarbeidet, samt til å engasjere til debatt blant administrasjon, politikarar, innbyggjarar, utbyggjarar og næringsliv, avsluttar Sørli.