I tidlegare tider bruke mest alle konene kast, både til kvardag og fest. Under Museumsdagen i Årskog 7. september vil Fitjar Husflidslag presentere «Årskog-kastet».

Bodil Raudstein i laget har laga oppskrift til eit gamalt kast ein fann i Årskog, og strikka det opp igjen.

Brukbart i dag òg
Fitjarposten møtte ho og to andre frå Fitjar Husflidslag, Petra Espevoll og Kirsten Melkevik, om denne saka. Dei kunne fortelje at ein gjerne brukte kast i staden for kåpe eller jakke. Og Bodil fortel at far hennar, Styrk Sørfonn, har sagt at bestemor til Bodil, Serina Sørfonn, aldri gjekk ut utan at ho hadde kastet på seg.

No vil Fitjar Husflidslag ta opp igjen tradisjonen med å bruke kast.
– Det er eit svært brukbart plagg i dag òg – og passar òg både til fitjardrakta og bunader, meiner dei.

Kjem i «Norsk Husflid»
Årskog-kastet vil bli presentert for heile landet gjennom «Norsk Husflid», men damene i Fitjar Husflidslag ville presentere det for folk her på øya først.
– Kastet er strikka i garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, og det treng ikkje vere svart, seier dei og syner oss ei kjent flatbrødpakke, der ser me ei dame med eit kast i ein annan farge.

Handarbeidskafeen
I tillegg til at kastet blir presentert på Museumsdagen i Årskog, inviterer Fitjar Husflidslag interesserte til å kome på Handarbeidskafeen i 2. høgda på Fitjartun 16. september. Då vil ein ta opp felles bestilling av garn frå Hillesvåg, og veka etter (23.9) vil Husflidslaget starta «kast-prosjektet» med strikking av kast på handarbeidskafeen.

Ingressbilete: Husfliddamer med Årskog-kastet. F.v. Kirsten melkevik, Petra Espevoll og Bodil Raudstein. Foto: Håkon C. Hartvedt