To representantar for lokalavisa stod på stand hos Larsen Spar laurdag føremiddag.

Henrik Mundal Andreassen og Harald Vatle var godt nøgde med responsen då dei tilbaud hjelp til folk som ønskjer digital tilgang. Dei gav rettleiing om pålogging og hjelpte der det trongst. Siktemålet var først og fremst å få dei eldre interesserte. Alle som har abonnement på papirutgåva kan logge seg på gratis  og dermed lese e-avisa på pc, mobil eller nettbrett. E-postadressa di vert nytta som brukarnamn og du må lage deg eit passord (som må takast vare på). Ei e-avis er heilt lik papirutgåva i digitalt format. Du sit og blar i avisa på skjermen, og artiklar kan zoomast. I arkivet finn du tidlegare utgåver. Du kan lese bladet Sunnhordland kvar du vil og når du vil. E-avisa har vore tilgjengeleg sidan mai i fjor. Med ovannemnde abonnement kan du og lese Sunnhordland si nettavis som viser artiklar i nettavisformat, i kronologisk rekkjefølgje, og her får du dei ferskaste nyheitene. Såleis kan du bli oppdatert ein sein kveld, lenge før papirutgåve og e-avis er tilgjengeleg. Utan pålogging har du ikkje tilgang til å lese alt, men abonnement kan kjøpast. Nettavisa har eksistert lenge. Digitale kanalar fungerer best med breiband og ein må ha Adobe Flash versjon 7 eller nyare.
Bladet Sunnhordland har ofte rettleiing som viser korleis du koblar deg på, så sjansen er der sjølv om du ikkje møtte opp i dag.