Fitjar sokneråd har fått 7 nye medlemmer etter valet i haust. I tillegg er Svein Aarbø med, slik han var det i siste periode.

Torunn S.K. Aarskog er vald som leiar, og ho presenterte det nye rådet i gudstenesta i dag. Nils Ingmar Hageberg er nestleiar, og Svein Aarbø skrivar. Dei andre medlemmene er Benedicte Meyer, Anne Marie Røed, Vigdis Aarre Olsen, Lilli Ann Drønen og Rasmus Fitjar. Alle desse er og med i Fellesrådet, der Rasmus Fitjar er leiar og Anne Marie Røed nestleiar. Lars Ove Rimmereid er kommunen sin representant i Fellesrådet. Sokneprest Olav Oma er kyrkja sin representant.

Gudstenesta i dag vart leia av kyrkjelydsprest Nobu Imazu, og medlemmer frå KRIK deltok med song og tekstlesing. Etter messa samlast konfirmantar og foreldre til orienteringsmøte.