Torsdag kveld var det utdeling av premiar for miniatyrskytinga vinteren 2010, og etterpå heldt Fitjar Skyttarlag årsmøte, der heile styret blei gjenvalt.

På grunn av transportstreiken i sommar, fekk ikkje Fitjar Skyttarlag avvikla den vanlege premieutdelinga si, som dei plar leggja til Skytingens dag, første søndagen i juni. Derfor utsette dei like godt heile premieutdelinga frå miniatyskytinga vinteren 2010 til torsdag kveld. Ikkje alle møtte fram til denne forseinka premieutdelinga, men dei som ikkje var til stades, vil få sine premiar etter kvart som dei dukkar opp på skyting i neste veke.

Til saman fem av 39 aspirantar fekk pokalane sine i går kveld, av ungdomleiar i Fitjar Skyttarlag, Knut Vik. Vinnaren i eldre rekrutt, Morten Skumsnes, var til stades og fekk utdelt sin velfortente pokal. Det same var vinnaren i juniorklassen, Sven Erik Vik, som i tillegg fekk fleire gullmedaljar frå ulike stemne han har vore med på i år: Banestemne på Bømlo, Ole Viks Minnestevne i Odda, krinsstemne i Sunnhordland og Fitjarfelten.

Seinare på kvelden heldt Fitjar Skyttarlag årsmøte. Her blei heile styret gjenvalt:

Gisle Vik, leiar

Nils K. Rydland, nestleiar

Kjetil Grimen, kasserar

Karl André Rydland, sekretær

Knut Vik, ungdomsleiar

Sukhwinder Koløen, styremedlem

For tida har Fitjar Skyttarlag gåande ein ny runde med miniatyrskyting. Denne er ferdig i desember, og premiane blir delte ut til vinteren ein gong. Til saman er 55 deltakarar med, dei yngste er åtte år, og eldstemann er Toralf Vik på 85 år.