I morgon er aller første utlevering i reko-ringen i Sunnhordland.
I januar vart det starta reko-ring i Sunnhordland. Ein reko-ring er ein kjøp- og salplattform mellom forbrukarar og lokale matprodusentar. Her bestiller ein produkt gjennom facebooksida «REKO-RINGEN SUNNHORDLAND», og so hentar ein dei bestilte varene på avtala stad. I Sunnhordland er dette ved plantasjen på Stord.
Onsdag 20. er første utlevering, og mange er spente på premieren. 15 produsentar er klare til levera ut alt i frå kjøt til karamellpopkorn til ruccola.
Ingelill Handeland Eide, i administratorgjengen, fortel at det er utruleg kjekt at so mange forbrukarar heiv seg kjapt på konseptet.
Sjølv gler hos seg til å få henta storfelevera ho har bestilt seg.
-Grasfora, kraftforfritt kjøt av lokale tradisjonsrike kyr er rikdom, seier Eide.
Ho anbefalar alle å hiva seg rundt å bestilla seg noko snadder, og minnar om at ein må bestilla på førehand.