Tradisjonen tru deler Fitjar skyttarlag ut premiar etter ein vintersesong med miniatyrskyting. Aspirantane som møtte hadde òg med seg superveteran Nils K. Rydland.

Den erfarne skyttaren har ikkje lagt vekk geværet og stilte gjerne opp på biletet saman med dei små. -Det er viktig at aspirantane vert oppmuntra, meiner både han og Knut Vik, som delte ut utmerkingane.

I alt er det rundt 45 som har drive med miniatyrskyting i Fitjartunkjellaren denne sesongen.