Allereie denne helga skal gruppa frå Fitjar vera med og synge på arrangementet ”Singing in  the city” i Stavanger. I slutten av april vert det tur til Skottland.

Dei fem jentene frå Fitjar, Randi Eiken Brekke, Kjerstin Handeland Stokken, Elin Sørfonn, Karine Tveit Lillenes og Karin Steinsland Stokken i gruppa Praise Him, har sunge i lag i rundt 4 år. I starten var det helst  song lokalt på Fitjar/ Stord, men etter kvart har ryktet om flott song breidd seg utover. Det har blant anna vorte reising både til Lyngdal, Åkra og Ognatun.

Denne helga skal dei vera med på eit stort songarrangement i Stavanger, IMI Forum, ”Singing in the City”. Her er gruppa ein av fleire artistar som skal vera med. Ein reknar med at arrangementet vil samle mykje folk, men at det framleis er råd å få billett om ein vil ta turen til Stavanger.  

I Skottland vert det for tolvte året arrangert ei storsamling med mykje song og musikk. Arrangementet vert halde i Leisure Centre, Fraserburgh, Skottland. Her har artistar frå heile verda vore med, og arrangørane prøver kvart år å få med norske artistar. Frå Noreg vert dette året Solveig Leithaug med i tillegg til jentene frå Fitjar. Dei andre artistane kjem frå USA, Canada og Nord-Irland. Praise Him blir ikkje heilt fulltalig på turen. Randi Eiken Brekke venter ein baby i nær framtid og må ta permisjon frå songen. Likevel reknar ein med at resten av gruppa vil klare seg godt i det gode selskapet i Skottland.

Innspeling av CD har det vore snakk om, men dei har ikkje kome i gong til no.  Turen til Skottland har imidlertid gjort det meir aktuelt å laga ein CD.

Har du lyst å sjå meir om arrangementa i Stavanger og Skottland kan du følgje desse lenkene:
http://www.singinginthecity.no/               http://gmcscotland.com/index.html

Praise Him finn du og på Facebook.

Jose Aldo steroids