Fitjargruppa "Praise Him" song sist helg på bibelcampen i Lyngdal, og fekk strålande tilbakemeldingar.

-Det går gjetord om dykk!, var berre ein av dei mange positive kommentarane dei fekk, og "Praise Him"-damene syntest sjølv det var kjempeflott å få vere med i programmet. Dei framførte songar på både norsk og engelsk, med norsk oversetjing på storskjerm, når dei song engelske.

-Dei nye hallen på bibelcampen på Lyngdal tek 1500 stolar. Så mykje folk var det ikkje sist helg, men godt med tilhøyrarar var det likevel, seier ein sommarbrun Kjerstin Stokken, som framleis kosar seg i fineværet på Lyngdal, som òg kan lokka med gode badetemperaturar…