Potetene kom i hus på Helland i dag. Åkeren var liten, men bonden var godt nøgd med avlinga.

Ein vakker haustdag høyrde me lyden av latter og banking.

Godveret vart nytta til å grave opp poteter. Ei av dei som var med og plukka, fekk tips om ein kjekk aktivitet då arbeidet var unnagjort. Små eller skadde poteter vart festa på ein meterlang pinne. Med god sving på pinnen havna mange poteter langt ned i ei ur. Dette skapte både glede og latter hos utøvarane.

Men kor kom bankelyden frå ?

David og Sondre heldt på å bygge hytte i ei stor eik. Dei var utstyrde med ei bøtte med brukte spiker og kvar sin hammar. Plankar låg klare på marka. Taubunten og eit gammalt bildekk skulle brukast til å lage reile, sa gutane. Dei samarbeidde godt desse to. Me veit ikkje om prosjektet vart fullført i dag.