Familien på Fitjargarden samla for å ta opp resten av poteten eidag. Foto: Kjetil Rydland.

På Fitjargarden avslutta dei i dag haustferien med å ta opp resten av potetene sine.

I alle år var det tradisjon at haustferien var potetferie, men no er det ikkje mange som dyrkar poteter her lenger. Eit unnatak er Fitjargarden, der dei framleis dyrkar fitjarpoteter.

Dei profilerer seg helst på tidlegpoteter, som dei leverer til Spar Fitjar og private hushaldningar midt på sommaren. Men i den tre mål store potetåkeren har dei også ein god del kerrs pink, og i dag tok dei opp resten av potetene.

Den ivrigaste potetdyrkaren av dei alle, Turid, fekk ikkje vera med på potetopptakinga i dag; det gjorde heller ikkje yngstedottera, Kari, som er i Amerika. Men resten av familien samla seg på traktoren til Tore Sigurd Fitjar, og den store Faun potetopptakaren.

Mette Lambach, Ola Lambach Fitjar, Bjørn Inge Skumsnes og Solveig Lambach Fitjar fekk ein strid tørn bak på potetopptakaren i den kraftige motvinden. Men resultatet var bra. Dei raude kerrs pink-potetene såg retteleg fine ut.

Men potetkunnige folk på Fitjargarden meiner dei varierer så mykje i storleik, at dei ikkje er lette å selja på den opne marknaden. Derfor vil både familien og beista på garden få glede av potetene i vinter; det same vil elghunden Tara, som såg ut til å vera ein hund etter poteter.