Karvel Strømme og biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen inviterte til filmkveld på biblioteket med dyrking og sal  av poteter som tema.

Heilt sidan midten av 1800-talet har fitjarbuen dyrka poteter. Bøndene rodde og sigla til Bergen frå 1840 og nesten hundre år framover for å selje avlinga. Frå Osternes-krinsen kunne det vere 10 – 12 båtar på veg “te byd´n”, men og frå andre bygdelag. Flakabåt vart oftast brukt på desse turane. Sjeldan rakk dei heilt fram på ein dag. Folket fann ly under  eit segl og overnatta i båten. Slik var det og då det vart kveld  i Bergen.  Fitjarpotetene hadde godt ord på seg, dei var kvite og av engelsk slag.

Potetdyrking på Fitjar kan få ny giv. Unge bønder viser interesse. Lars Ove Rimbereid fortalde om ulike potetsortar som er under utprøving i tillegg til den tradisjonelle fitjarpoteta. Bondelaget har blant anna arrangert kurs og møte, sa leiar Reidar Kloster. Den gamle soga om potetdyrking og flakabåt-turane til Bergen vart filma i 1980. Filmen viser ein viktig del av Fitjar si kulturhistorie, og den må takast vare på. Alle dei frammøtte i kveld viser at det er  intersse for denne spesielle kulturskatten. Avisutklyppa i foajeen fortel om stor merksemd då filmen vart laga. Lat oss leggje til at filmen må vere tilgjengeleg i framtida.  
I  siste utgåva av bladet Stordamål skriv Kjell Lønning at fitjarpoteta er bygda sitt edlaste arvesylv, og han har ein interessant  reportasje om den yngste potetdyrkaren Turid Marie Lambach Fitjar som er 17 år.