I dag var elevar frå Øvrebygda skule på Rydland og sette poteter til inntekt for haustens TV-aksjon.

Leiar for prosjekt er Karen Elisabet Rydland Sæbø, som hadde laga til ein åker på rundt eit kvart dekar. Ho fortel at dei gjennomførte same opplegget for to år sidan. På hausten var elevane med og tok opp potetene, teikna og skreiv potetsort på papirposar. Så tok dei alle potetene med seg til skulen, pakka dei i posar og selde dei på kveldaseta. Inntekta på rundt 2000 kr gjekk til TV-aksjonen.

I dag hadde ho invitert elevane i 2. og 3. klasse frå Øvrebygda skule på dugnad. Åkeren låg klar, etter at ho hadde fått god hjelp av far sin. Potetene låg klare i kassar; troll, kerrs pink og mandel er populære sortar. Før arbeidet starta, instruerte ho dei unge håpefulle, som gjekk laus på oppgåva med liv og lyst.

Karen Elisabet meinte at det sikkert ikkje var nokon av elevane som hadde sett poteter før, men det skulle ein ikkje tru. Elevane arbeidde to og to på kvar si rast. For enkelte gjekk arbeidet raskt unna, medan andre trong meir tid for å få rasta si ferdig. Lærarane og assistentane såg til at arbeidet gjekk føre seg på forskriftsmessig måte, og nytta høvet til å plukka stein innimellom.

– Dette er eit enkelt prosjekt å gjennomføra, seier Karen Elisabet, alle kan få det til. Poteter er eit greitt produkt å handtera, dei treng ikkje behandlast som ferskvare.

Men ho legg ikkje skjul på at ho får god hjelp av foreldra sine. Avlinga blir nok ikkje sprek utan at Gro Rydland passar på å reinska ugras av og til i sommar. Til hausten reknar Karen Elisabet med at elevane kjem tilbake, då går dei saman i 3. og 4. klasse. Dei skal få vera med og plukka potetene, pakka dei og gjera dei klare til sal på kveldaseta på Øvrebygda skule.

Dermed har både ho og elevane fått vera med på dugnad for årets TV-aksjon. Inntektene i år går til Kirkens Nødhjelp, som vil bruka midlane til å skaffa reint vatn til ein million menneske i fleire land i Afrika og Asia.